(Hjem)
Sund kommune
leseweb-sitemap Les teksten høgtNettstadkart

Kulturskulen

Sund Kulturskule har undervisning på ulike skular og lokale rundt om i kommunen. Vi prøver å få til at elevane kan få undervisning i sin krins. Dette er sjølvsagt avhengig av at der er nok elevar som vil ha same tilbod og bur på same stad.

Kulturskulen har ikkje aldersgrense. Den er i prinsippet open for alle innbyggjarar i kommunen - uavhengig av alder og føresetnader. Barn og unge vert prioriterte.

Vi tar i bruk eit nytt søknadsskjema i år. Skjemaet er felles for Fjell, Sund og Øygarden. Du må fylle ut eitt skjema per kurs. Frist for hovudopptak er 31.mai, men av di det kan vere ledige plassar er det mogeleg å søkje om opptak heile året.

I fellesopptaket er det mogeleg å søkje på undervisning på tvers av kommunegrensene. Søkjarar som tilhøyrer den kommunen dei søkjer i vil bli prioriterte.

Søknadsskjema finn du her.

Litt om dei ulike tilboda vi har i Kulturskulen i Sund:
Gruppeundervisning:
• Kunstskule. Undervisning i ulike teknikkar innan biletkunst
• Drama -undervisning i drama/teater
• Musikk

Individuell og gruppeundervisning på ulike instrument:
Det viktigaste er at elevane på best mogleg måte skal lære å bruke det instrumentet dei ønskjer. Mange har undervisning åleine saman med lærar, 20 minutt kvar veke. Grupper får undervisning frå 30 minutt til halvannan time, avhengig av instrument, fag og gruppestorleik.

Desse instrumenta underviser vi i:
• Fiolin
• Diverse tangentinstrument –piano og keyboard
• Gitar – akustisk gitar og el. gitar
• El. bass
• Slagverk og perkusjon - rocketrommer og latinperkusjon
• Vokal – klassisk – vise/jazz/pop
• Undervisning i andre instrument er mogleg om det er mange nok interesserte

Det kan bli endringar, m.a. tilbod vi ikkje kan gje om der ikkje er nok søkjarar/deltakarar på dei einskilde gruppene eller instrumenta.

Kulturskulen følgjer skuleåret og elevane har fri når skulen har feriar og fridagar. Elevane må ha høveleg øvingsinstrument heime. Kulturskulen har nokre instrument til leige, til dømes fiolinar.

Vi ønskjer å gje elevane ved Sund kulturskule eit inspirerande og lærerikt kulturskuleår!

Publisert av Melkevik, Irene Kristin. Sist endra 11.01.2010